Eit titalls bønder var samla til ein protestaksjon på eit jorde ved E39 i Sjøholt tirsdag ettermiddag.

Bøndene markerer motstand mot Høgre-regjeringa sin jordbrukspolitikk.

- Dei kastar ordninger som sikra drift av landbruk i heile Norge, seier Knut Ivar Bøe i Ørskog Bondelag.

Bøndene meinar regjeringa angrip dei viktigste marknadsordningane.

- Dette er system som har fungert godt, også for forbrukarane, seier Petter Arne Ekroll i Skodje Bondelag.

Grensa nådd

- Jorda ligg der den ligg. Det er ikkje alle plassar det passar med stordrift. Det er galskap å forlate familiedrifta gardar til ekspansjonskarusellen der fallande prisar må kompenserast med ny ekspansjon, seier Knut Ivar Bøe.

- Vi veit kva regionar som vert ramma. Norge vil miste det unike allsidige jordbruket vi har, seier han under appellen ved E39 i Ørskog.

Bøndene på Sunnmøre fryktar færre regionar med kvoteomsetning for melk.

- Då blir produksjonen flytta frå dei svakjastet områda og Vestlandsregionen blir råka.  Vi har hatt inntektsauke i jordbruket i Norge, men ikkje på Vestlandet. Det har blitt eit større klasseskilje i jordbruket, seier han.

Samstundes forsvinn kulturlandskapet i regionen, meiner Bøe.

Unikt i Norge

Petter Arne Ekroll meiner det er komisk å sjå at dei er ivrige etter å hjelpe med forenklingar, men ikkje med matvaresikkerheit. Tyskland vil tvangskjøpe gardar for å sikre matvarelager. Dette gjer ein ikkje i Norge. Det er ein ganske naiv tankegang.

Samvirkemodellen i Norge blir beundra ute i Europa, hevdar bøndene.

- I Danmark er det krise. 80 prosent av bruka driv med underskot og bankane tør ikkje slå dei konkurs. I kulissane vakar eiendomsoppkjøparar som kan sikre seg billig land i påvente av betre tider.

Historielaust

- Ubalansert og historielaust, seier landbruksminister Jon Georg Dale (Frp) om bålbrenningen som Norges Bondelag oppfordrer til.

- Det er heilt fair å være ueinig i enkeltforslag, men når ein legg opp til vardebrenning, er det historielaust. Det har sittet langt inne å bruke den type symbolikk i Norge, seier han til NTB.

- Jordbruksmeldinga viderefører avtalesystemet, tollvernet, distriktstilskudda og inntektsmåla, og har som mål å bidra til auka produksjon og eit landbruk i hele landet. Kva skal norske bønder sette fyr på om det verkeleg skulle dra seg til ein gong? spør statsråden.

Han oppfordrer norske bønder til "å reflektere eit halvt minutt" før de set fyr på bålet og viser til at inntektsutviklinga er god sammenlikna med andre grupper og ikke minst yrkesfeller i andre land.

Leiar Lars Petter Bartnes i Norges Bondelag meiner på sin side at jordbruksmeldinga bidrar til auka liberalisering og utfordrer mangfoldet i næringa.