Det seier Venstres Gunn Berit Gjerde. Når partiet er samla til fylkesårsmøte i Ålesund denne helga, lanserer Gjerde eit framelgg om at Møre og Romsdal-modellen mot mobbing bør bli ein mal for heile landet.

På kvar enkelt skole

- Kommunane i Møre og Romsdal har i lag med fylkesmannen og PPT utvikla ein modell for å avdekke og stoppe mobbing i skulane. Venstre har tru på at arbeidet med å skape trygge skulemiljø må gjerast ute i kommunane og på dei enkelte skulane av dei tilsette som møter elevane kvar dag, seier Gunn Berit Gjerde som også sit i hovudstyret for KS.

Effektivt og enkelt

Ap har lansert konkrete tiltak mot mobbing, og KrF ønskjer eit mobbeombod.

- Eg meiner at vi alt har utvikla ei enkel og effektig ordning som kan nyttast over heile landet, seier Gjerde.

Møre og Romsdal har etablert eit beredskapsteam mot mobbing som består av fire fagpersonar frå PPT som både lærarar, skuleleiing og skuleeigar kan nytte for å avdekke, stoppe og forebygge mobbesaker i skulen.

- Nesten alle kommunane med barneskular, ungdomsskular og fylket med vidaregåande skular er med i ordninga, og den skal evaluerast av Møreforsking.Det er framleis for mange elevar som melder at dei blir mobba av medelevar. Nye tal fortel og at mange elevar opplever seg krenka av tilsette i skulen, seier Gunn Berit Gjerde.

No vil ho jobbe for å gjere denne ordninga til ei nasjonal satsing.