Bestefar tiltalt for overgrep mot barnebarn

Ein mann i 60-åra skal i neste veke møte i Søre Sunnmøre tingrett tiltalt for å ha forgripe seg mot eit barnebarn.

RETTSSAK Søre Sunnmøre tingrett har sett av fem dagar til behandling av straffesaka mot ein bestefar i 60-åra frå søre Sunnmøre.   Foto: Anne-Mari Tomasgard

Nyheter

Mannen som er busett på søre Sunnmøre, må møte i retten og svare for ein alvorleg tiltale.

– Dette er ei alvorleg sedelegheitsak, seier statsadvokat Jogeir Nogva som er aktor i saka.

Frå sjuårsalder

Nogva ønskjer ikkje å seie så mykje før rettssaka, men fortel at tiltalen delvis handlar om overgrep frå barnebarnet var i sjuårsalderen.

Delvis handlar det også om overgrep etter fylte ti år.

Nektar straffskuld

Advokat Ivar Blikra er forsvarar for den tiltalte.

– Det eg kan seie er at min klient ikkje erkjenner straffskuld etter tiltalen. Ut over det har eg ikkje nokon kommentar i saka, seier Blikra.

Fem dagar med rettssak

Advokat Tone Monclair er bistandsadvokat i saka. Ho ønskjer ikkje å gi nokon kommentar no.

Det er kalla inn 15 vitne til rettssaka.

Saka startar i Søre Sunnmøre tingrett 13. februar, og det er sett av fem dagar.