Møreforsking

Har ingen forskarar i Volda

Møreforsking har ikkje lenger tilsette ved Høgskulen i Volda. Inntektene har svikta.

Ingen igjen Berre skiltet er tilbake av Møreforsking i Volda. 

Nyheter

Møreforsking Volda AS vart oppretta som aksjeselskap i 2015, etter ei omorganisering i Møreforsking-konsernet. Målet var å knyte Møreforsking tettare opp mot Høgskulen i Volda, som gjekk inn med ein eigarpost på 49 prosent i Møreforsking Volda AS. Liknande grep vart gjort ved Høgskulane i Ålesund og Molde. Men Møreforsking Volda, som driv med forsking innan samfunnsfag, har slite med å skaffe inntekter.