12. januar var Mattilsynet på tilsyn hjå Ivar Aasen-tunet i Hovdebygda.

Alt var såre vel, heilt til spisestaden fekk smilefjes-plakaten etter tilsynet.

Det var ikkje noko gale med smilefjeset. Det var smilande nok. Men teksten var på bokmål!

Les meir om smilefjesordninga (OBS: Bokmål)

Ivar Aasen-tunet nekta å henge opp smilefjesplakaten sjølv om dei er pålagt å gjere det. Dei klaga til Mattilsynet for brot på mållova.

La seg flat

Mattilsynet la seg langflate og gjennomførte eit nytt tilsynsløp; denne gongen på nynorsk.

Ny plakat med riktig målform vart sendt i posten same dag.

- Mattilsynet seier seg lei for at smilefjesrapport utlevert etter tilsyn 12.01.2017, var ei salig blanding av bokmål og nynorsk, skriv seksjonssjef Lennart Floyd Berge i Mattilsynet i svarbrevet til Nynorsk Kultursentrum som eig og driv Ivar Aasen-tunet.

- At verksemda ikkje ville sette opp smilefjesplakat på bokmål, har vi ikkje vanskar med å forstå, skriv han vidare.

Mattilsynet skal skrive sine rapportar på den målforma som er gjeldande der ein fører tilsyn.

- I Hovdebygda skulle det ikkje vere tvil om at nynorsk er rette målforma.