- Primært ønskjer vi at regionen skal vere samansett av fylkeskommunane i Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal, seier styreleiar Yngve Hallén i Sogn og Fjordane Næringsråd i ei pressemelding.

Samanslåing av Hordaland fylkeskommune og Sogn og Fjordane fylkeskommune vil vere eit første steg på vegen mot ei større eining, meiner dei.

- Den nye regionen må få tilført nye oppgåver frå statleg nivå, seier Hallén.

Meir makt

Næringsrådet meiner ein ny region på Vestlandet kan gi betre balanse mellom eit tyngdepunkt i vest og den konsentrasjonen av makt som finst i hovudstadsområdet.

- Erfaring tilseier nemleg at ein til denne tid ikkje har greidd å demme opp i tilstrekkeleg grad mot opphoping av makt og arbeidsplassar i det sentrale austlandsområdet.

I politiske prosessar er det gjerne slik at gjennomslagskrafta er mykje avhengig av kva tyngde som står bak synspunkta som blir fremma. Maktar ein å skape større fagmiljø og å styrkje kompetansen, kan det føre til at ein ny vestlandsregion i større grad enn no vil nå fram med krava sine, skriv Hallén

- Det er svært viktig at ein no bruker den historiske sjansen som finst for å skape ein ny region på Vestlandet.