Det seier fem ordførarar frå indre og nordre Sunnmøre.

Til grunn for reaksjonen ligg eit utspel frå Oddbjørn Vatne (Sp) i NRK Møre og Romsdal nyleg. Der gjorde den tidlegare leiaren for samferdselsutvalet i fylket greie for sitt syn, eit syn han fryktar ein storkommune med Ålesund kan undergrave: Han ønskjer at den framtidige E39-traséen skal leggast nett der, mellom Stette i Skodje og Tomrefjord i Vestnes og i lang tunnel.

Om næringsliv og turisme

– Ei slik løysing vil setje dei behova vi har på sidelinja, og det kan vi ikkje vere med på. Vi er avhengig av god tilkomst mellom nord og aust. Først og fremst av omsyn til næringslivet vårt og eksporten via Romsdalen og til marknad eller lager på Austlandet, men for vår og Norddal sin del også med tanke på turismen. Det å skulle køyre heilt ut til Stette før ein får starta på vegen austover er ein solid omveg og ikkje noko vi ønskjer. Vi vil i staden ha E39 over Ørskogjellet også i framtida. I tillegg vil vi jobbe for den såkalla Børdalslinja - den planlagte vegen mellom Valgermo og Vaksvik, seier Stranda-ordførar Jan Ove Tryggestad (Sp). Med seg har han ordførarane Eva Hove (Ap) og Arne Sandnes (Sp) i Stordal og Norddal, og varaordførarane Geir Peter Aure (V) og Geir Ove Leite (Ap) i Ørskog og Skodje.

– Eit anna poeng er at den desidert kortaste vegen til Bergen herfrå går inn fjordane her: Via Stranda, Grodås ... Det har næringslivet for lengst oppdaga, seier Eva Hove.

Omsynet til natur

– Men de på Skodje. De kunne då like lett ha reist Stette - Tomrefjord. Kvifor ønskjer de E39 over Ørskogfjellet?

– Først og fremst av omsyn til natur. Vi trur ikkje heile traséen mellom Stette og Tomrefjord vil bli lagt i tunnel, ergo ligg det an til vegbygging i eit av dei beste friluftsområda vi har: Svartløken, seier varaordførar Geir Ove Leite.

– Dette er noko også vi er opptatt av, sidan det aktuelle området strekk seg over i vår kommune, seier varaordførar Geir Peter Aure i Ørskog.

– I tillegg vil mykje av trafikken likevel gå om Ørskog, sjølv om ein skulle velje traséen Vatne ønskjer. Då kan ein like godt velje Ørskogfjellet, seier Aure.

Interesseselskap i emming

– Nå er de ute i media med synet de har. Kva meir gjer de?

– Vi skal mellom anna i møte med planavdelinga på fylket tidleg i mai. Vidare blir det arbeidd med eit interesseselskap for Børdalslinja, det siste der for å få framdrift i planane, seier ordførarane.

– Kva for kostnader snakkar ein om når det gjeld nett denne?

– Det står att mykje kvalitetssikring av tal, men det kan dreie seg om så mykje som opp mot ein milliard, seier Tryggestad.

– Her sit Ørskog med ein viktig nøkkel sidan det er dei som står for reguleringsplanen i området. Målet er å få lagt til rette for stegvis realisering for å klare den høge totalkostnaden, legg Jan Ove Tryggestad til.

– Med utspelet frå Vatne, og no svaret de kjem med: Det handlar mest om vern av eigne interesser, dette?

– Ja, men det er viktige interesser. Og vi meiner at det å legge traséen over Ørskogfjellet tek vare på fleire slike enn det alternativet Vatne ønskjer, seier Eva Hove.

Ørskogfjellet og Børdalslinja: Dei fem ønskjer at E39 også i framtida skal gå over Ørskogfjellet. I tillegg vil dei jobbe for den planlagte vegen mellom Valgermo og Vaksvik - Børdalslinja. Foto: Nils Harald Ånstad