Riksveg 15:

Ein mista førarkortet

Ein bilførar mista førarkortet etter å ha blitt målt i 116 km/t på riksveg 15 onsdag kveld.
Nyheter

UP hadde onsdag kveld fartskontroll i 80-sona i Naustdalstranda, vest for Nordfjordeid.

Fem bilførarar fekk forenkla førelegg, og høgste fart blant desse var 94 km/t, ifølgje politiet på Twitter.

Men raskast var ein bil som blei målt i 116 km/t, noko som resulterte i at bilføraren blir meld til politiet og mister førarkortet.