- Det var eigentleg kjempelett. Båten var veldig enkel å manøvrere, seier Erna Solberg etter seilasen langs sunnmørskysten.

Med nesten 3.500 hestekrefter kan båten nå ei toppfart på meir enn 38 knop.

- Eg fekk teste litt, medan skipperen tok seg av sjølve turen. Dette var meir som øyvelseskøyring utan ein "L" festa bak på fartøyet, smilar statsministeren i det ho entrar kaia ved Ulstein verft.

Ulstein

Redningsskøyta som statsministeren nytta er kalla opp etter skipsingeniør Idar Ulstein, tidlegare konsernsjef i Ulstein Group.

Ulstein Group har finansiert brorparten av dei 38 millionane skøyta kostar. Ein god del av dette er utviklingskostnader.

Gunvor Ulstein og Tore Ulstein, som no driv konsernet, har sagt at dei heller ønskte å heidre faren ved å donere ei redningsskøyte framfor å få laga ein bauta i stein.

- For oss som lever tettt på havet er redningsskøyta ein viktig trygghet, seier Gunvor Ulstein.

Meir frå statsministerbesøket: