No får dei lov til å fjerne egg og avlive måseungar. Det slår Sykkylven kommune fast.

Dei viser til at måsen, om lag 15–20 par kvart år, i hekketida livnar til allereie i tretida om natta, og held det gåande.

I tillegg skit måsen ned utemøblane, og dei stuper ned i hovudet til folk.

Vaktmeisteren har prøvd å skremme dei vekk ved å leggje gummiormar på taket. Men måsen vart ikkje redd lenge.

Difor har BUAS no fått lov til å setje i verk tiltak, sjølv om fiskemåsen står på raudlista som ein nært truga fugleart.

BUAS blir rådd til å hente inn eigna personell som førtrinns skal fjerne egg, eventuelt avlive måseungar, men då i samsvar med dyrevelferdslova.