Elise B. Skeide ved Ulstein videregåande skule fekk møte statsminister Erna Solberg om bord Windea TBN, eit nytt servicefartøy for offshore vindkraft som ligger ved Ulstein verft.

- Erna er ein viktig person og i likhet med Gunvor Ulstein ein rollemodell for jenter som meg. Dei viser at det går an, seier Elise B. Skeide til smp.no.

Skeide nytta høve til å snakke om praktiske læreordningar og kjønnsbalanse.

Kvinner

Gunvor Ulstein er stolt over kjønnsbalansen i det praktiske utdanningsløpet.

- Samanlikna med andre plassar har vi ein høg andel kvinnelege lærlingar. Det er eg stolt av. Samstundes skulle det berre mangle at halvparten av befokninga (les=kvinner) får dei same moglegheitene, seier Ulstein.

Skeide er ei av fire jenter i klassa med totalt 11 elevar.

- Eg vurderer å bli arkitekt, men innanfor linja mi er det vanlig å bli ingeniør innan området marinteknikk. Viss eg kjem inn på NTNU så vil eg fortsette utdanninga mi der, seier Elise B. Skeide.

Meir frå statsministerbesøket: