Han blir ny ordførar i Ørskog

Knut Helge Harstad (H) blir etter alt å døme ny ordførar i Ørskog, etter at den forrige ordføraren trakk seg av helsemessige årsakar.

Knut Harstad blir truleg vald som ny ordførar i Ørskog på kommunestyremøtet torsdag kveld.   Foto: Johan Behrentz

Nyheter

Karen Simonnes Aanes fekk på førre møte i kommunestyre innvilga søknaden sin om fritak frå vervet ut heile perioden. Grunngjevinga var helsemessige årsaker.

Berre dei som er medlem av formannskapet kan veljast til å ta over vervet. Valet av ny ordførar skjer på kommunestyremøtet komande torsdag.

BAKGRUNN:

Ørskogordførar fekk fritak

Ørskogordføreren om offentlighet rundt egen sjukemelding: – Har vært ubehagelig

To kandidatar

I det siste har to kandidatar vore utpeika av mellom andre Bygdebladet og NRK: Knut Helge Harstad og Olav Kjetil Sjøholt frå Høgre.

Tysdag ettermiddag seier Harstad at det er han som blir kandidaten.

– Ja, det stemmer. Eg stiller. Det har jo vore ein del diskusjon rundt dette, men det er no bestemt at eg stiller for Høgre som ordførar, og eg reknar med full støtte, seier Harstad til Smp.no.

Det var NRK som melde dette først. NRK har snakka med Torbjørn Fylling i Framstegspartiet og gruppeleiar for Høgre, Frode Andresen, som seier at dei to partia støttar Harstad. Det same gjer Arbeidarpartiet og Senterpartiet, seier Harstad.

– Det har jo vore litt, ikkje vanskeleg, men vi har hatt diskusjonar i Høgre og i andre parti, men det har ikkje vore komplisert frå mi side. Eg har fått overveldande støtte og føler no at det er greitt. No er vi på plass med nyvalet som skal vere torsdag, og så er det hardt arbeid som står att, seier veteranen, som også var ordførar frå 1995 til 2003.

Skulle skifte parti

Tidlegare torsdag fortalde han til NRK at han hadde meldt seg inn i Senterpartiet. Men når det no er klart at Høgre stiller seg bak ham som kandidat, blir han verande i partiet.

– Det ser vi heilt bort frå no. Høgre har stilt seg bak meg, og eg synst vi har løyst det veldig bra. Eg har jo mykje Senterparti-politikk og ideologi i blodet mitt, det innrømmer eg. For meg er det ikkje noko framand parti, men det blir ei anna sak, seier Harstad.

– Då er det berre å gå vegen vidare. Vi har mange saker som ligg og ventar, og som eg må gyve laus på straks eg kjem meg i stolen, seier han, og nemner mellom anna kommunesamanslåing med Ålesund, samferdsle og arealplanlegging.