Seier nei til fiskeskatt

Det er fullt hus for Fiskebåt, som opna sitt årsmøte i Oslo tysdag formiddag.

Styreleiar Jonny Berfjord i Fiskebat på årsmøtet i Oslo.  Foto: Svein Aam

Nyheter

Med nærmare 400 gjester er det rekordframmøte for årsmøte i organisasjonen til fiskebåtreiarane. Mellom dei som er til stades er statsminister Erna Solberg.

I opningstalen tok styreleiar Jonny Berfjord mellom anna opp innstillinga frå kvoteutvalet, ei av dei sentrale sakene på årsmøtet. Kvoteutvalet foreslår mellom annan å innføre ressursrente, knytt til overskotet som retten til å fiske skaper.

Varsla motstand

Styreleiaren varsla motstand mot forslaget.

– Vi skal hugse på at på at det er næringa sjølv som har tatt kostnaden med å kjøpe ut overflødig kapasitet, vi skal framleis ha eit spreidd eigarskap og vi skal framleis ha kvotetak. Då trur ikkje eg det er rimeleg å påleggje fiskeflåten ytterlegare kostnader med ei ressursrente, sa Berfjord.

Det går godt i Norske fiskeri for tida og forholdet mellom fiskebåtreiarane og dei politiske styresmaktene er godt. Men i ei sak ligg det an til konflikt. Berfjord sa klart frå om at fiskerinæringa ikkje vil kompromisse når det gjeld oljeaktivtet i Lofoten/Vesterålen og på Mørefelta.

Fiskeflåten har kutta ein firedel av utsleppa

Og arbeidet for å bli meir miljøvennlege held fram.


Konflikt

Og internasjonalt er det ein pågåande konflikt  med Island og Færøyane om forvalting av sild og makrell, der Island og Færøyane har fastsett sine eigne , høge, kvotar.

- Slik som eg ser det, så spelar dei eit spel med fiskebestandene våre, der dei kalkulerer kynisk på at Norge og EU skal ta rekninga for deira uansvarlegheit.  Dei har bestemt seg før at dersom dei er uanvsvarlege lenge nok så bøyer Norge og EU av. Dette har de gjort før og lukkast med. Denne gongen må dei ikkje lukkast, sa Berfjord.

Det er fullt hus og nesten 400 gjester på årsmøtet i Fiskebåt, på Hotel Bristol i Oslo.  Foto: Svein Aam