Havfiskeflåten sin organisasjon, Fiskebåt, har hovudkontor i Ålesund med åtte tilsette, og avdelingar i Tromsø og Bergen. Siste året har organisasjonen hatt stor medlemsvekst, fordi mange store kystbåtrederi har meldt seg inn. Dermed er det rom for ekspansjon i administrasjonen. Øvst på ønskjelista står eit kontor nær makta i Oslo.

– Eit kontor i Oslo vil styrkje tilstadværet og kunnskapsformidlinga mot sentrale beslutningstakarar. Det kan og knyte oss nærmare til andre organisasjonar i sjømatnæringa, sa styreleiar Jonny Berfjord, på årsmøtet torsdag.

Han etterlyste tilbakemeldingar frå årsmøtet om opprettinga av eit Oslo-kontor. Og det fekk han, hovudsakleg frå fiskebåtreiarar frå Nord-Norge.

– Det strir eigentleg mot mine prinsipp å flytte noko til Oslo, men eg må bite det i meg og innser at det er naudsynt å vere meir til stades, sa Geir Lundberg, fiskebåtreiar frå Troms.

Lengst gjekk fiskebåtreiar Jørn Oddvar Majala frå Finnmark.

– På 5-10 års sikt ser eg for meg at hovudkontoret vert i Oslo, og at Ålesund vert regionkontor. Og at vi då får eit kontor i Oslo, samlokalisert med Norges Fiskarlag, sa Majala.