Det er avisa Synste Møre som melder dette torsdag.

Avisa skriv at trinna mellom kiosken og tribuna er køyrd ned med ein firhjulstrekkar og at det er spunne over grasbana på Eidsåvoll.

– Om ikkje grasrota er for skada, vil det vere sjanse for at vi slepp berre med merke som vil synest langt ut gjennom sesongen, men dei som står bak bør uansett få gjere opp for seg. Dette er vandalisme og skikkeleg ukjekt for oss som brukar mykje tid på å halde bana i stand, seier ein lett oppbrakt banemeister Arild Midtbø til Synste Møre.

Kommunalsjef Terje Kolstad i Vanylven kommune fortel til avisa at saka er meld til lensmannen.