Her finn du vinterferiesnøen

Fleire skisenter på Nordvestlandet måtte stenge i helga, men no har det kome nysnø i fjellet og fleire plassar er det strålande forhold.

Fjellsetra tidlegare denne veka.  Foto: Marius Simensen

Nyheter

OPPDATERT FREDAG

På Sunnmøre er det no betydeleg skredfare, vurderer varsom.no.

Volda – opnar fredag

Volda skisenter skriv på Facebook torsdag kveld: Vi har fått påfyll av snø det siste døgnet, om vermeldingane slår til opnar vi familietrekket imorgon tidlig.

Ørsta skisenter er ope

– Godt besøk i dag og på kveldskøyringa. Fredag har vi ope barnetrekk og t-trekk. Løypa til Åmskaret vart trakka i kveld. I morgon er det meldt snøbyger og gløtt av sol. Ka du venta på, spør dei på Facebook torsdag kveld.

Bjorli – pudder og full drift


126 cm snø på Bjorli

Bjorli og Eitrefjell i Ørsta kjem høgt opp på yr.no sin snøstatistikk.

Alle trekk og nedfartar er opne. I vinterferien har dei også ope 13,5 kilometer langrennsløype innover fjellet, i tillegg til fleire andre oppkøyrde løyper.

Etter snøfallet dei siste dagane kan Bjorli attpåtil melde om pudderføre, på si Facebook-side.

Advarer mot å kjøre utenfor skiløypene

Snøfattig vinter øker risikoen for skader ved flere skisentre.


Strandafjellet – pudderalarm


Inviterer til vinterfestival

Alperittet blei avlyst, men det blir likevel liv og røre på Stranda. Dessutan lavar snøen ned og gir gode skiforhold.

Torsdag melder Strandafjellet om pudderalarm, 20 centimeter nysnø siste døgn, minus 6 grader nede i dalen og at dei kjører alle heisar unntatt Roaldshorn fjelltrekk

Grotli Skiheiser – pudder

Eit alternativ for dei som synest det er greit å køyre litt ekstra, kan i desse dagar vere Grotli. Skibakken ligg halvannen times køyring frå Volda

– Vi har fått litt ny pudder, melde skisenteret på Facebook torsdag.

Skisenteret omtalar seg sjølv som eit familievennleg anlegg med barneheis, t-trekk og terrengpark.

Arena Overøye opna onsdag

Anlegget i Stordal har slitt med lite snø tidligare i vinterferien, men no har det snudd

– Ikkje ofte vi har det slik. Ferie, 20 cm pudder om natta og finvêr på dagen. Vi har ope familietrekk og park, melder dei på sine Facebook-sider.

Fjellseter – herlege forhold


150 barn på «jibbecamp»:

– Det viktigste er å ha nok fart, ellers lander du på kulen!

Iherdig kunstsnøproduksjon og nysnø redder vinterferien flere steder. På Fjellsetra var forholdene topp da «jibbecampen» startet på onsdag.

–  Herlige forhold på Fjellsætra i dag, fortel Sunnmørsalpane Skiarena Fjellseter på Facebook fredag morgon.

Skisenteret har no også terrengpark med eiga Facebook-side.

Lysløypa for langrenn har vore ope på Fjellsetra. Onsdag vart det også gjennomført langrennssamling som er ein del av fjellsætercup.

Stryn – opna torsdag

Vinterskisenteret på Stryn har hatt ope både i Barnetrekket, Gamleheisen og Steindalsheisen, men måndag måtte skisenteret melde pass og stenge.

– Stryn vinterski vil dessverre halde stengt også i dag. Det har kome ca 2 cm nysnø i botnen, og skal kome meir i løpet av dagen. Vi kjem til å opne igjen torsdag kl. 10, melder dei på Facebook.

Hornindal – opna torsdag

– Ope til topps på eine sida. Veldig gode forhold. Ca 30-40 cm nysnø i øvre delen av anlegget, melder dei på Facebook.

Anlegget har ikkje moglegheiter for produksjon av kunstsnø.

Dei har også seks kilometer langrennsløyper som dei vil forsøkte halde ope.

Harpefossen – påfyll av snø

Snøkanonane har gått varme også ved Harpefossen i det siste, og dei har no eit solid lager med kunstsnø.

– Vi opnar på Furehogane fredag. Vi har fått påfyll av snø i løpet av dagen, og har fått preparert traseane på Furehogane, og opnar Kjendalsheisen i morgon, melder dei på sine nettsider torsdag kveld.

Ørskogfjellet – ikkje klare

– Det snøar bra på fjellet, men det er fortsatt for lite snø til å opne skitrekket. Vi oppdaterer status når det er noko nytt å melde, skriv Ørskogfjellet skisenter på sine heimesider torsdag ettermiddag. Fredag ettermiddag er det ingen nye meldingar.