– Eg har aldri vore borti noko sånt tidlegare. Det er svært uvanleg, seier Andrea Dalbert, som er veterinær i Mattilsynet.

Det var nettstaden Hellesylt.info som først skreiv om saka.

– Pelsen rann av

Eivind Louis Helset eig to av kattane som vart ramma. Først kom katten Spragle heim med pelsen full av ei illeluktande væske i november. Spragle fekk behandling og overlevde. Fredag hende det igjen, med katten Miss. Skadane var så store at ho vart avliva.

– Det var ganske makabert, og slo veldig hardt inn, seier Helset til Smp.no om det som hende.

– Eigar fortalde at katten var påkjend og viste sterke tegn på smerte, og det var bra at katten blei avliva umiddelbart. Dette var lidingar ho måtte sparast for med ein gong. Ho hadde noko i pelsen som gjorde at pelsen rann av då katten kom borti veggen eller sat på golvet, seier veterinæren.

– Kjemisk væske

Dalbert bur sjølv på Hellesylt, og då ho høyrde om hendinga fekk ho kjenningar til å gi namn og nummer til familien, som tok kontakt.

– Eg fekk snakka med katteeigar, som gjerne ville sende katten til veterinærinstituttet for obduksjon for å finne ut kva væske den hadde fått på seg. Mattilsynet har stor interesse av å få vite om slike saker, for å undersøke om det kan vere meir bak saka enn ei uheldig hending, seier Dalbert.

Sjølv om mange har vore raske med å mistenke at det er menneske som står bak, seier Dalbert at det er vanskeleg å vite om det er nokon som har gjort dette mot kattane.

– Det kan også vere slik at dei kan ha hamna oppi ei balje med kjemisk væske. Det er vanskeleg å vite. Eg håper at vi i alle fall får vite kva substans det er, slik at folk i området kan leite meir nøyaktig. Sånn at vi kan hindre at andre dyr og menneske kan kome borti det, seier ho.

Politiet: – Ser alvorleg på slike saker

No ventar dei svar frå veterinærinstituttet for å finne ut kva stoff det er snakk om.

– Eg går ut ifrå at dei prioriterer saka ganske høgt.

Sunnmørsposten kontakta lensmann i Sykkylven Evelyn Lieseth på laurdag. Då hadde ho ikkje høyrd om saka.

Etter å ha lest om saka i media har ho no uttalt seg til NRK Møre og Romsdal. Ho minner om at dyremishandling er straffbart og at det er fritt fram å melde om slike saker til politiet.

– Vi ser alvorleg på slike saker, seier ho, men understrekar at politiet har kapasitetsproblem og ikkje kan love noko oppklaring dersom nokon kontaktar dei.