– Kanskje vi kan få fokuset litt vekk frå Brattvåg.

Det blir latter rundt lunsjbordet på Nogva Motorfabrikk når Steinar Hildre-Almstad skal prøve å finne gode argument for å bli ein del av Nye Ålesund kommune.

Det er alltid kjekt å gi kommunesenteret eit lite spark.

Haram-ordføreren: – Jeg ser ikke hvordan dette skal gi innbyggerne i Haram et bedre tilbud

Lunsjprat Rundt kantinebordet i Søvika var tvangssamanslåinga tema i går. Steinar Hildre-Almstad (nr. tre frå høgre) nemner Hamnsundsambandet som eit argument for samanslåing.

Over brødskivene i kantina i Søvika er nyheita om tvangssamanslåing tema denne onsdags formiddagen. Dei som vil seie noko som kan komme på trykk i avisa, er samstemte: Dette er ikkje bra.

– Her i Søvika er vi alt ein utkant i Haram. Korleis kan vi tru at det blir betre av å bli ein del av Ålesund, spør Steinar Hildre-Almstad. Ingen protesterer mot den analysen.

– Men ein ny kommune kan kanskje sette fart på Hamnsundsambandet. Det er i så fall eit stort pluss, slår talsmannen på «ungdomsbordet» fast.

Kommentar: «Kommunetvang som ventet»

Kommunikasjon

Og her har han full støtte hos sjefen. Kjell Norvoll er adm.dir. for bedrifta, som har som mål å passere 300 millionar kroner i omsetning dette året.

– Hamnsundsambandet og all slags infrastruktur er avgjerande både for oss og resten av næringslivet i kommunen, seier Norvoll.

Nogva-direktøren er opptatt av at den knallsterke maritime klynga må få gode rammevilkår.

Gjennom fire kommunar

Norvoll tek fram flyplassen på Vigra som eit eksempel.

– Vi reiser fleire gonger om dagen dit, og det tek oss femti minutt der vi er innom fire kommunar. Det er noko som skurrar.

Arbeiderpartiet: – Haram skal slippe om vi får makten

Norvoll ønskjer at alle no må løfte blikket og sjå at Haram er ein naturleg og sjølvsagt del av den nye kommunen.

Greier oss Kitt Sønderland er sikker på at Haram kjem til å greie seg godt åleine også i framtida.

– For det er ein ny kommune det er snakk om, ikkje Ålesund som skal sluke oss.

Norvoll trur ikkje at det blir berre velstand med ein ny kommune heller.

– Vi kjem til å møte mange utfordringar framover, men som næringslivsleiar meiner eg at dette er det einaste som er framtidsretta. Og eg tek det for gitt at politikarane no sørger for at Haram snarast råd blir med i arbeidet med den nye kommunen saman med Ålesund, Skodje, Ørskog og Sandøy. Vi har ikkje tid til å vente.

Ei skandale

Frp-politikar Svein Harsjøen er provosert over Sp-ordførar Vebjørn Krogsæters argument om at 80 prosent av folket i Haram vil stå åleine.

– Ein må ha svært spesielle briller på for å tolke ei folkerøysting med så lita valdeltaking på den måten, meiner Harsjøen.

Overkøyrd Gerd Nedrevold, Arnhild Hildrestrand og Asbjørn Hildrestrand meiner det ikkje går an å berre slå ein strek over resultatet av folkerøystinga i Haram.

Men inne på Extra-butikken på Eidet er Arnhild og Asbjørn Hildrestrand forarga over at meininga til folket i Haram berre blir slått ein strek over. Gerd Nedrevold er av same oppfatning.

– Det var kanskje få som deltok i folkerøystinga, men den må respekterast. Slik er demokratiet, slår dei tre fast. I Storgata i Brattvåg er Kitt Sønderland sterk og klar i meldinga om at Haram også i framtida kjem til å greie seg helt fint på eigen kjøl.

– Eg er redd arbeidsplassar forsvinn og at kommuneøkonomien blir verre, seier Kitt Sønderland.

Les flere saker om kommunereformen.

greier oss: Kitt Sønderland er sikker på at Haram kjem til å greie seg godt åleine også i framtida. Foto: Nils Harald Ånstad