Folketalet aukar i dei fleste kommunane

Ålesund og omland hadde stor folkevekst i fjor, men 11 av 25 kommunar på Nordvestlandet opplever nedgang i folketalet.

Vebjørn Krogsæter (Sp) er ordførar i Haram. Både folkeveksten og byggeaktiviteten er stor i kommunen.  Foto: Staale Wattø

Nyheter

Haram hadde størst vekst i folketalet på Nordvestlandet i fjor. No bur det 9.312 i Haram. Det er ein folkevekst på 1,2 prosent.

Hakk i hel følgjer Skodje, Giske og Ålesund, alle med ein folkevekst på 1 prosent.

Ved årsskiftet var vi 5.258.000 her i landet, ifølgje tal som Statistisk sentralbyrå presenterte torsdag.

Dette er ein auke på 44.300 innbyggjarar i løpet av siste året. Alle fylka i landet opplever folkevekst, men sterkast var veksten i Akershus.

Sterkast vekst av menn

Talet på menn voks med 24.000, og talet på kvinner auka med 20.300.

Det har budd fleire menn enn kvinner i Noreg sidan 2010. Denne utviklinga ser ut til å fortsette, og per 1. januar 2017 var det eit overskot av menn på nær 40.000.

Talet på utanlandske statsborgarar voks med 21.000 i fjor, ifølgje SSB. Og talet var ved nyttår oppe i 559.000 busette utanlandske statsborgarar.

Hovedstaden har no 667.000 innbyggjarar. Sterkast var veksten blant menn.

Sterk vekst i Haram

Ser vi på tala for Sunnmørsposten sine 25 kommunar, ser vi at 14 av kommunane hadde vekst, medan 11 hadde nedgang i folketalet.

Sterkast folkevekst hadde Haram, med 1,2 prosent auke i folketalet. For Haram-ordførar Vebjørn Krogsæter er tala heilt nye.

– Dette var flott. Det å ha vekst i kommunane er viktig, seier Krogsæter.

– Tilflytting frå andre delar av Norge og frå andre land i Europa har vore den viktigaste delen av folkeveksten, eg reknar med at det er det vi ser her også, seier Haram-ordføraren til Sunnmørsposten.

Sterkast nedgang hadde Sandøy, der folketalet minka med 1,9 prosent.

Kolonnane viser folketal i 2016, folketal i 2017 og endring i prosent:

Vågsøy6 0466 031-0,2
Selje2 7742 7910,6
Eid6 0156 0640,8
Hornindal1 2001 198-0,2
Stryn7 1687 2180,7
Ålesund46 74747 1991
Vanylven3 2563 203-1,6
Sande2 5592 540-0,7
Herøy8 9728 957-0,2
Ulstein8 4308 4570,3
Hareid5 1895 185-0,1
Volda9 0379 1020,7
Ørsta10 67710 7440,6
Ørskog2 3102 296-0,6
Norddal1 6521 6630,7
Stranda4 5984 6230,5
Stordal1 0201 005-1,5
Sykkylven7 6757 6950,3
Skodje4 6204 6671
Sula8 9529 0070,6
Giske8 0948 1761
Haram9 2009 3121,2
Vestnes6 6116 577-0,5
Midsund2 0882 085-0,1
Sandøy1 2701 246-1,9
Møre og Romsdal265 290266 2740,4
Sogn og Fjordane109 530110 2660,7