– Påfyll av snø og vind opp i kuling fornyar skredproblemet med nysnøflak i leområde, melder Varsom.no.

– Snøen frå tidlegare i veka vil gradvis stabilisere seg. I nysnøflaka kan ein enkelt skiløpar løyse ut skred. Faregraden blir vurdert til 3 – betydeleg – i dei områda som får mest nysnø, heiter det i varslet som gjeld for fredag og laurdag.

Også Romsdal har faregrad 3. For Nordfjord er det moderat rasfare fredag, og betydeleg skredfare – 3 – laurdag.

For søndag er det så langt ikkje noko varsel klart.