– Endeleg har nokon skore igjennom og tort å ta ei avgjerd. Det er utruleg bra. Det har vore heilt nødvendig å få på plass denne skipstunnelen, men storsamfunnet har til no ikkje sett det nødvendig sjølv om skipsfarten har sagt det i årevis. Dette er eit nasjonalt og internasjonalt tilbod for å kome seg rundt Stad, og vil gi stor fart og forutsigbare tider, seier Aasen.

– Båtar kan ikkje ligge å vente på godt vêr, det gikk før i tida, men det går ikkje no, legg han til.

Han seier at tunnelen vil ha stor betyding for eksportnæringane langs med kysten, for Hurtigruta og at tunnelen vil knyte Vestlandet saman. Men han er spesielt glad for mogelegheitene som opnar seg for heimkommunen.

Må utnytte potensialet

Aasen tar seg friheit til å vere litt sjåvinistisk på ein slik merkedag. Han seier tunnelen vil bli bety eit veldig løft for Vanylven.

– Det blir ein heilt ny kvardag. Kysten vil bli ein magnet i forhold til båtturisme. Det vil ikkje vere ein båt som ikkje vil ha eit klistremerke ifrå skipstunnelen. Reiselivet på begge sider kan gni seg i hendene. Det er glimrande, slår han fast.

Han meiner at tunnelen gjer kommunen meir attraktiv og at tunnelen kan gi mange arbeidsplassar.

– Det er planar i massevis for å utnytte potensialet. Driftige folk på begge sider har hatt dette i tankane lenge. Vanylven har ikkje funne seg eit skikkelig reiselivsprospekt før no. Eg må få lov til å helse heim på ein dag som dette, seier fylkesordføraren med entusiasme.

– Viktig for reiselivet

Reiselivssjef Marita Lindvik i Visit Nordfjord fortel at dei har vore ute med flagget på det ho kallar ein gledens dag - for både Nordfjord og kystnorge.

– Dette vil bety mykje for kysten, regionen og for Vestlandet, og vere viktig for reiselivet, seier ho.

Marita Lindvik er dagleg leiar i Reisemål Stryn og Nordfjord. Her fotografert på Breng i Lodalen.

– God samferdslepolitikk er også god reiselivspolitikk. Dette vil bidra til å forenkle og gjere det meir forutsigbart for den som kjem sjøvegen, seier Lindvik, som også trur skipstunnelen vil legge eit godt grunnlag for å skape innovasjon og næringsutvikling.