Fylkesordføraren har store forhåpningar for heimkommunen:

– Kysten vil bli ein magnet for båtturisme

Jon Aasen, fylkesordførar for Arbeiderpartiet og tidlegare ordførar i Vanylven, seier dette er ein gledens dag.

Fylkesordførar Jon Aasen er svært tilfreds med at Stad skipstunnel endeleg blir realisert.   Foto: Johan Behrentz

Nyheter

– Endeleg har nokon skore igjennom og tort å ta ei avgjerd. Det er utruleg bra. Det har vore heilt nødvendig å få på plass denne skipstunnelen, men storsamfunnet har til no ikkje sett det nødvendig sjølv om skipsfarten har sagt det i årevis. Dette er eit nasjonalt og internasjonalt tilbod for å kome seg rundt Stad, og vil gi stor fart og forutsigbare tider, seier Aasen.