Dette kjem fram på pressekonferansen som blir arrangert i Selje klokka halv to torsdag ettermiddag.

Høgre, Framstegspartiet, Kristelig Folkeparti og Venstre er samde om å starte bygginga av Stad skipstunnel i første periode av Nasjonal Transportplan (NTP) 2018-2029, ifølgje ei felles pressemelding frå partia.

Slik blir verdens største skipstunnel

Har sett av pengar til tunnelen

Den totale kostnaden på det som blir verdas første skipstunnel, er venta å bli på nær 2,7 milliardar kroner (2.699 millionar kroner).

Ifølgje pressemeldinga er det sett av 1.504 millionar kroner i 1. periode og 1.196 millionar kroner i 2. perioden.

Dermed er Stad skipstunnel fullfinansiert.

Lang kamp førte fram

Representantar frå regjeringspartia og støttepartia er på plass i Selje for å fortelje gladmeldinga torsdag ettermiddag.

–Dette er ein historisk dag, seier Elisabeth Røbekk Nørve (H) og held fram at det er fantastisk godt å oppleve at den lange kampen for auka tryggleik og framkomme for sjøtransporten, no blir teke på alvor.

Oskar Grimstad (Frp) jublar også:

– Det er fantastisk å få vere representant for den H/FrP-regjeringa med samarbeidsparti som verkeleggjorde dette unike prosjektet som vil stå som eit monument for all framtid, seier han.

Heisar flagget

Stortingspolitikarane for regjeringspartia i Sogn og Fjordane jublar minst like høgt for at dei no har fått eit viktig politisk gjennomslag.

Bjørn Lødemel (H) held fram at skipstunnelen vil gje trygg reise forbi Stad.

Knyter kysten saman

Venstres Sveinung Rotevatn seier at det blir stadig tøffare kamp om samferdslemidlane, og han meiner Stad skipstunnel har vore skubba på i alt for mange år.

– Eg er difor veldig glad for at vi omsider har klart å skjere gjennom. No kjem tunnelen, og gir heilt nye moglegheiter for både næringstransport og passasjertrafikk. Vestlandskysten blir omsider knytt ordentleg saman, uavhengig av vêr av vind. I dag heisar vi flagget på kysten, seier Rotevatn.

Representantane held i ei pressemelding blant anna også fram at tunnelen er eit viktig miljøprosjekt i arbeidet med å få meir gods frå bil til sjø.

Dei meiner det vil gi auka turisme og leggje til rette for vidareføring av hurtigbåtruta opp kysten til Ålesund. Redusert risiko for skipsulykker, redusert ventetid for skipsfart og sikrar leveransar, og dermed lønsemd for næringslivet, blir også halde fram.