Spent på kva som kjem om skipstunnelen

Selje-ordførar Stein Robert Osdal (KrF) ventar i spenning på kva som kjem om Stad skipstunnel i dag.
Nyheter

– Eg er veldig spent på heilskapen og på arbeidet framover. Viss skipstunnelen ligg inne i NTP vil det ligge mykje arbeid framfor oss, seier Selje-ordførar Stein Robert Osdal.

Representantar frå regjeringspartia har kalla inn til pressekonferanse klokka halv to torsdag. Og det er venta at det vil kome godt nytt for dei som kjempar for skipstunnel.

Ordknapp ordførar

KrF-ordføraren i Selje er ordknapp, og vedgår at han veit meir enn han kan seie.

– Det kjem meir enn planleggingsmidlar?

– Det bør kome meir, seier Osdal løyndomsfullt.

– Når blir det byggestart då?

– Det veit eg ikkje, men det håpar eg pressekonferansen vil gi svar på.

(Teksten held fram under bildet)

Stein Robert Osdal er ordførar i Selje. 


Osdal understrekar at Selje kommune skal vere klar når pengane kjem. Kystverket har sagt at det er muleg med byggestart i 2019.

– Vi skal vere klar i 2019, men det spørst kva tid pengane kjem, seier Osdal.

Kvalitetssikring

Reguleringsplanen for området der skipstunnelen er planlagd er ute på førstegongs høyring, og det er meininga at planen skal handsamast i mars/april og kome til kommunestyret i mai.

Så handlar det om å få bestilt kvalitetssikring av planane, såkalla KS2, i finansdepartementet.

– KS2 er det neste store å få på plass. Det vil ta eit halvt til eitt år og kan vere klar vår/sommar 2018. Når denne er klar, er alle formalitetar på plass, seier Osdal.


Orienterer om Stad skipstunnel i NTP i dag

Regjerings- og samarbeidspartia inviterer pressa til Selje torsdag for å orientere om Stad skipstunnel i Nasjonal transportplan.



Stad skipstunnel med i transportplanen

Regjeringen og samarbeidspartiene er ifølge TV 2 enige om å sette av 928,7 milliarder kroner til samferdselsprosjekter de neste tolv årene. Stad skipstunnel skal være et av prosjektene de er enige om.



Slik blir verdens største skipstunnel

Kystverket har offentliggjort illustrasjonsbildene av Stad skipstunnel.



Stad skipstunnel

Motbakke for skipstunnelen

Kun en kraftig økning i overføringene til samferdsel kan berge Stad skipstunnel. Nye krav til samfunnsøkonomisk lønnsomhet gjør tunnelen blir langt vanskeligere å realisere.



Skipstunnelen i rute

Med statsbudsjettet for 2015 vil Stad skipstunnel vere i rute til rulleringa av Nasjonal transportplan.



Stad-tunnelen i stampe

Ingenting tyder på at regjeringen har tenkt å ta grep for å realisere Stad-skipstunnel. Prosjektet står i stampe, og så etter at en svær delegasjon i går møtte både fiskeri- og samferdselsministeren.