Selje kommune varslar dagmulkt:

– Branntomta er til sjenanse og fare og må ryddast straks

Selje kommune har mista tolmodet, og varslar no dagmulkter om ikkje branntomta ved Selje Hotell blir rydda.

BRANNTOMT Heile hotellfløya ved Selje Hotell vart øydelagt i brann i november i fjor. Enno er ikkje branntomta blitt rydda.  Foto: Terje Engås

Vi i kommunen opplever no eit visst press frå lokalbefolkninga

Stein Robert Osdal
Nyheter

– Branntomta er både til sjenanse og til fare for folk. Så ho må ryddast straks. Det er mellom anna snakk om helsefarleg eternitt som inneheld asbest, og som difor skal behandlast som spesialavfall.