– Vi har fått fleire bekymringsmeldingar frå asylmottaka, både når det gjeld einskilde barn og den generelle situasjonen til afghanske asylsøkjarar, seier Brynhild Solvang, leiar for barnevernetenesta i Volda, Ørsta, Hareid og Ulstein.

Det er tre asylmottak for mindreårige asylsøkjarar i desse kommunane. Barnevernet vil møte leiinga for desse mottaka.

– Mange har fått avslag på asylsøknadene, men har fått opphald i Norge til dei er 18 år. Andre ventar på svar på sine søknader, men fryktar avslag. Dette skaper uvisse og angst. Det blir veldig store påkjenningar på unge i ein sårbar alder, seier Brynhild Solvang.

Brynhild Solvang, barnevernsleiar i Volda, Ørsta, Hareid og Ulstein. Arkiv.

– Kva kan barnevernet gjere?

– Det er vi usikre på, og det er noko vi vil drøfte med mottaka. Asylsøkjarane har sine omsorgspersonar på mottaka, og har tilbod gjennom helsetenesta. Men barnevernet har eit eige ansvar for å hjelpe alle barn som oppheld seg i våre kommunar. Vi har også plikt til å følge med på barn sine oppvekstvilkår, seier Solvang.

Den største gruppa på mottaka er unge gutar frå Afghanistan, der fleirtalet får avslag på asylsøknaden. I staden for å returnere til Afghanistan vel mange å reise til andre europeiske land.

Lever på gata

Tal som Næravisa ved Høgskulen i Volda har henta inn viser at minst 14 barn har forsvunne frå fire mottak på Søre Sunnmøre sidan romjula. Fleire av dei bur på gata i Paris og andre europeiske storbyar.

Sunnmørsposten har òg skrive om sjølvmordsforsøk og psykiske problem mellom unge på mottak.

– Føreseielegheit og stabilitet er grunnleggande behov for alle barn. Her snakkar vi om det motsette. Desse barna lever i ein heilt uføreseieleg og ustabil situasjon. Og det er ikkje noko som tilseier at ein 16-åring frå Afghanistan er betre rusta til å takle dette psykiske presset enn ein 16-åring frå Norge, seier barnevernsleiar Brynhild Solvang.