«Alle jenter er horer, om de blir betalt eller ikke». «Om du er tretten, er du med. Når du suger, så gå ned». I NRK høyrde eg russesongar bli sitert om lag slik, og eg spør: Finst det ingen grenser lenger for lågmål når det gjeld russesongar?

Her bryt «forfattaren» etter mi meining to lover.

For det første oppfordrar han mindreårige til å delta i seksuelle aktivitetar, for det andre diskriminerer han alle jenter ved å sette merkelappen «horer» på dei.

Russelåtskriving er millionindustri, og det ser ut som om innsatsen er stor for å skrive dei simplaste og mest kvinnediskriminerande tekstane. Det er utruleg nedslåande at «kremen» av norsk ungdom, det vi før med beundring og respekt kalla «artianarane», har sokke så lågt. Eg spør meg også kvar foreldra er når dei unge ikkje har større vurderingsevne.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

At ungdom syng ut sin forakt for jenter, eit syn som reduserer jenter til ein gjenstand for å tilfredsstille gutane sine lyster, er berre trist og uforståeleg. Dette er truleg også med på å forklare, og kanskje legitimere; dei mange valdtektene som blir melde i russetida.

Det ser diverre ut til å vere nok oppgåver å ta fatt i på Kvinnedagen.

Reidun Klock TjervågØrskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.