Leserinnlegg om 8. mars:

«Kvinnediskriminerande russesongar»

Illustrasjonsfoto NTB scanpix. 

Nyheter

«Alle jenter er horer, om de blir betalt eller ikke». «Om du er tretten, er du med. Når du suger, så gå ned». I NRK høyrde eg russesongar bli sitert om lag slik, og eg spør: Finst det ingen grenser lenger for lågmål når det gjeld russesongar?

Her bryt «forfattaren» etter mi meining to lover.

For det første oppfordrar han mindreårige til å delta i seksuelle aktivitetar, for det andre diskriminerer han alle jenter ved å sette merkelappen «horer» på dei.


Synspunkt

«Lik rett til omsorg for barn»

Foreldrepermisjonsordningen i Norge er den beste i verden; både for mor, for far og for barnet. Det må vi være stolte av, og det må vi verne om!

Korleis ville reaksjonane vore om den grove diskrimineringa gale andre grupper? Om vi bytta ut ordet «jenter» med t.d. «kristne», «muslimar», «innvandrarar» eller samar, ville vel dette ha vore ei sak for likestillingsombodet eller politiet?

Russelåtskriving er millionindustri, og det ser ut som om innsatsen er stor for å skrive dei simplaste og mest kvinnediskriminerande tekstane. Det er utruleg nedslåande at «kremen» av norsk ungdom, det vi før med beundring og respekt kalla «artianarane», har sokke så lågt. Eg spør meg også kvar foreldra er når dei unge ikkje har større vurderingsevne.

Her finner du alt meningsstoffet på smp.no!

At ungdom syng ut sin forakt for jenter, eit syn som reduserer jenter til ein gjenstand for å tilfredsstille gutane sine lyster, er berre trist og uforståeleg. Dette er truleg også med på å forklare, og kanskje legitimere; dei mange valdtektene som blir melde i russetida.


Likestilling

«Kvinner må kreve heltids-stillinger»

Heltidsstillinger er også viktig for å rekruttere menn inn i helsesektoren.

I utlandet har Noreg ofte blitt sett på som eit føregangsland når det gjeld likestilling, ei likestilling som har tent landet og innbyggjarane av begge kjønn vel. Vi treng ikkje nye generasjonar unge menn som av mangel på moral, kunnskap, eller i rein tankeløyse, brukar russetida til å utbasunere kvinnediskriminerande haldningar. Vil dei same gutane kalle mødrene eller systrene sine horer?

Det ser diverre ut til å vere nok oppgåver å ta fatt i på Kvinnedagen.

Reidun Klock Tjervåg
Ørskog

Har du noe på hjertet? Send innlegget ditt til debatt@smp.no.