Det meiner hamnesjef Rita Berstad Maraak i Stranda.
Kan få solcelle-automatar
I eit notat om rammevilkår for cruisetrafikk i verdsarvfjordane skriv ho at det etter hennar syn har oppstått ein uheldig miljødebatt om cruise- og turisttrafikken på Vestlandet, der det vert skapt eit bilde av at det er for mange skip og passasjerar, spesielt i fjordane, og at desse legg igjen for lite pengar.
– Inntrykket er at lokalsamfunnet sit att med få gevinstar og ei lang rekke med miljøbelastningar, noko som ikkje er tilfelle, skriv hamnesjefen.
Ho peikar på at turistrafikken over land er vesentleg større enn trafikken på fjorden:
– Det er her ein først og fremst må gjere tiltak. Ein må ha fokus på korleis samfunnet skal tilpasse seg lågutslepp for buss, bil og båt.
Stor auke
Hamnesjefen fortel at i fjor vart det registrert ein markant auke i trafikken på vegen inn og ut av Geiranger.
I dei to mest hektiske sommarmånadene juni og juli kunne ein registrere ein trafikkvekst på heile 44 prosent.
– Landbasert trafikk er lite forutsigbar, men kan vere enkel å kontrollere. Det kan setjast eit tak på antal bussar, eller ein kan premiere dei mest miljøvennlege bussane.
Fleire tiltak for å betre lufta i Geiranger
For å unngå synsing etterlyser hamnesjefen analysar og fakta som gjeld forureining.
Ho seier mellom anna at ein ikkje veit om røyken frå skipa berre er eit estetisk problem, eller om det er ein indikasjon på noko verre.
Lågare fart på fjorden
Fagsjef Holger Schlaupitz i Naturvernforbundet er heilt einig med hamnesjefen i at det bør gjerast undersøkingar som gjev klare svar på kva og kven som forureinar.
– Men allereie før vi har dette på plass så vil det overraske meg stort om det ikkje er dei mange skipa i Geiranger som forureinar mest, seier Schlaupitz.
Tiltak
Han legg til at sjølv om det på landsplan er bilane som er det største problemet, så meiner han det ikkje er slik i Geiranger.
Likevel støttar han tanken om avgrensingar på biltrafikken i turistbygda.
– For mange bilar kan øydelegge heile attraksjonen, seier Holger Schlaupitz.