Merkar satsinga på Hjørundfjorden:

Hotel Union Øye opnar rekordtidleg i år

Hotel Union Øye får rekordtidleg sesongopning i år, og hotellet skal for første gong ha ope i påskeferien.

Sesongopning Hotel Union Øye har hatt stengt i vinter, men er no snart klar for ny sesong.  Foto: Pressefoto

Nyheter

Hotel Union Øye opnar 24. mars, og dette er  ei rekordtidleg sesongopning, ifølgje ei pressemelding frå hotellet.

– Satsinga på Hjørundfjorden siste åra har verkeleg begynt å bere frukter. Ekstra kjekt er det å melde om svært godt belegg i mars og april, og at vi opplever ei svært positiv utvikling, skriv marknadssjef Ann Kristin Ytrevik i pressemeldinga.

Populære toppturar


Med spøkjelseshotellet som besteven

Ho var den einaste nyfødde på Øye på sju år. No får ho turistar til å grøsse – heilt til ho blir mørkredd sjølv!

Union Union Øye opplever at toppturar i Sunnmørsalpane er meir populært enn nokon gong.

Og det er attraktivt med skreddarsydde opplevingar med overnatting og aktivitetar av høg kvalitet. Hotellet har solid pågang både i den nasjonale og internasjonale marknaden.

– Også det pågåande Ski The Fjords-prosjektet og Don’t Crack Under Pressure-filmane har bidrege stort med å sette Hjørundfjorden på verdskartet, meiner Ytrevik.

Får fleire rom


Øye i Norangsfjorden:

Feira at hotellet er blitt 125 år

Her kan du bokstavleg talt vakne opp i baronen si seng. Den britiske adelen likte seg nemleg i Ørsta.

I 2017 utvidar hotellet kapasiteten med tre nye gjesterom, etter at eit eldre gardshus, som er ein del av hotellet, har blitt restaurert.

– Dette er ein etterlengta auke i kapasitet både for våre møte- og konferansegjester, men også kjærkome for hotellet i høgsesong, seier Ytrevik.