Den eine ev dei to unge mennene som vart dømde i tingretten etter seksuell omgang med ei jente under 16 år på Nordfjordeid i 2015 er frifunnen i lagmannsretten. Det er avisa Fjordingen som melder dette.

Fire menn var tiltalt i saka i Fjordane tingrett i september i 2016. Dei var tiltalt for seksuell omgang med ei jente i 2015 som då var 15 år. Alle dei fire innrømte å ha hatt seksuell omgang med jenta den aktuelle helga. To av dei vart frikjent fordi dei ikkje visste jenta sin alder, skriv Fjordingen. Dei to andre vart dømde. I ankesaka i Gulating lagmannsrett vart den eine av desse frikjent. Retten delte seg med fire mot tre for frifinning. Fleirtalet meiner hendinga bar preg av å vere seksuell frivillig utforsking mellom jamnbyrdig ungdom. Retten meiner likevel at mannen er «meget å bebreide at han ikke avstod».