På Søre Sunnmøre har Mørenett basar både i Hovdebygda i Ørsta og i Dragsund i Herøy. Men no blir det «samlokalisering», stadfestar Elling Dybdal, som er konsernsjef i Tussa og nestleiar i styret for nettselskapet Mørenett.

– Saka er på dagsorden internt i selskapet, og kjem opp som orienteringssak under styremøtet onsdag. Vi reknar med at ei avgjerd vert fatta i løpet av april, seier Dybdal.

Dragsund Tussa/Mørenett sitt administrasjonsbygg i Dragsund i Herøy.

Vestlandsnytt skriv at det tidlegare hovudkontoret til Mørenett i Dragsund «kan bli ofra». Elling Dybdal kallar dette ein spekulasjon.

– Det vert nok ein kraftig reduksjon i forhold til i dag ved ei av avdelingane. Det kan like gjerne bli her som der. Dette er noko vi må gjere for å gi kundane billegast mogleg nettleige, seier Elling Dybdal.

Lukka prosess

Mørenett er nettselskapet til Tafjord Kraft og Tussa Kraft, og er i hovudsak indirekte eigd av det offentlege. Herøy kommune er nest største eigar i Tussa Kraft, og med det ein stor eigar i Mørenett.

Ordførar Arnulf Goksøyr (H) i Herøy fryktar det verste for avdelinga i Herøy, og han er frustrert over at han ikkje får vite kva som skjer.

– Det er ein lukka og toppstyrt prosess som skjer internt i styret i Mørenett. Som medeigar har vi ingen sjanse til å vere med påverke, seier Goksøyr.

– Styret er prega av innavl, og dei to konsernsjefane har all makt. Eg har lenge meint at styreleiaren i Mørenett burde vore vald eksternt, men har diverre ikkje nådd fram med det, seier Arnulf Goksøyr.

Avviser kritikk

Elling Dybdal avviser kritikken frå Herøy–ordføraren.

– Eg kan forstå at enkelte av eigarane er frustrerte, men eg trur ikkje kundane våre, anten det er private eller næringslivet, ønskjer å bli utsette for dyrare løysingar, fordi politikarar vil ha eit ord med i laget.

Etter denne fusjonen vert det tilbake 13 tilsette i Dragsund og rundt 50 på Tussatun i Hovdebygda, opplyser administrerande direktør Rune Kiperberg i Mørenett.