7. juni 1958 registrerte avisa sin utsende fotograf Bjarne Skarbøvik at det fanst ein kvinneleg drosjekusk ved den nyopna flyplassen på Vigra.

Som vi ser i bakgrunnen vart dei visst ikkje riktig ferdige med å bygge til denne store dagen.

«I dag er det tre drosjer i drift på Vigra, men når fly- og ferjesamband nå blir etablert vil der sikkert bli behov for flere».

Elsa var fødd Molnes og er om lag 21 år på dette fotografiet, kan sonen Hans-Jonny fortelje.

Ja, han er med på bildet, han òg: I oktober dette året var Elsa nemleg oppteken med å setje guten til verda.

Ikkje var det heilt vanleg med bil to år før rasjoneringa vart fjerna, og ikkje var det heilt vanleg at jenter tok førarkort.

Men det var vanleg å køyre amerikansk drosjebil. Etter det vi kan skjøne ratta fru Blindheimsvik ein 1954 Ford Customline med rekkeseksar på 223 kubikktommar. Finfin skyss.

For noen tiår siden: Les mer historisk stoff i Sunnmørsposten.