Stor skredfare på Nordvestlandet:

Fleire bygder vart isolert på grunn av ras

Men einebuar i Geiranger fortvilar ikkje over å vere utan vegsamband.

RAS Vegen til Homlung i Geiranger er stengd av ras.  Foto: SMP-TIPSAR

Nyheter

Uværet stenger fortsatt veier og fjelloverganger

Fire fjelloverganger i Sør-Norge er fortsatt stengt fredag på grunn av uvær. I Nord-Norge er de fleste veiene åpne igjen, men noen med kolonnekjøring.

Den vesle bygda Homlung i Geiranger er isolert etter at det natt til fredag gjekk eit ras over vegen.

– Dette er vi vande med. Det går stort sett ras her kvar vinter. På det verste var vi utan vegsamband i 11 veker. Det var på 80-talet, seier Arne Moen.

Einebuar

Den gong budde det fleire her. No er han einebuar. Det vil seie, han har besøk frå Polen akkurat no. Og ho skal reise heim att på søndag.

– Vegen blir nok ikkje opna til då, så ho må kome seg herifrå med båt, seier Moen.

Han anslår at raset som stengjer den kommunale vegen er 40–50 meter breitt, og tre-fire meter høgt.

– Eg trudde ikkje det var så mykje snø oppe i fjella i vinter. Det gjekk eit lite ras her før jul, men då var det stein og jord som kom ned, seier 69-åringen.

Også isolert i Oldedalen

Statens vegvesen melde fredag at også fylkesveg 724 Sunde- Rustøyane på strekninga Briksdal-Olden er stengt på grunn av snøras. Dette betyr at også innbyggjarane i Oldedalen er isolerte. Lokalavisa Fjordingen skriv at det bur 80 personar i dalen.

Laurdag vart det gjort ei ny vurdering, og klokka 09.00 melder vegvesenet at vegen er open for trafikk etter snøras.

Skredfare

Det blir åtvara mot betydeleg skredfare - faregrad 3 - på Sunnmøre laurdag, ifølgje Varsom.no. Fredag var faregraden 4 - stor.

Også for Indre Fjordane - som omfattar Stryn og Hornindal - er det meldt om stor fare for skred.