No har Henning Sølvik, Even Søvik, Elise Hovet, Kai Lennart Alnes og Karl Dagfinn Lyshol starta ei underskriftskampanje som støttar Bakkeøyane. Det skriv Sykkylvsbladet.

Dei seier til avisa at dersom kommunestyret snur og går inn for Ullavika, så vil det gå mange år før ein ny sentrumsskule blir bygd.

Også rådmann May-Helen Molvær Grimstad held på at Bakkeøyane er det beste alternativet.

I si innstilling til kommunestyret rår ho til at dei ikkje tek opp at saka, men at vedtaket frå 2013 om at nyskulen skal liggje i Bakkeøyane står fast.