Overvelda – Eg har aldri vore med på noko slikt før. Ikkje har eg høyrt om noko liknande andre stader heller, seier avdelingsoverlege Bottolf Lødemel ved Volda sjukehus om takkekonserten.

– Det er svært å verte gjenstand for slik merksemd som dette. Vi som arbeider på sjukehusa er normalt meir tilbaketrekte, seier Bottolf Lødemel.

Den smålåtne og sindige avdelingsoverlegen er overvelda over responsen.

Det var på kontoret hans at Svein Eiksund lanserte ideen. Kor-nestoren hadde nett fått ein dyster kreft-diagnose. Karane stod ved vindauget og såg nedover mot kyrkja.

– Viss eg overlever dette, lovar eg å stelle i stand ein gigantisk konsert, kom det plutseleg frå Eiksund.

– Og du, Bottolf, skal vere æresgjest!

Svein heldt ord. Konserten opna laurdag og tonen vart sett med Agnete Teige sin klarinett i nydelege Amazing Graze.

I tillegg til Lødemel, henta Svein Eiksund også inn legen Kristin Fuglø frå St. Olavs Hospital og sjukepleiaren Elisabeth Runde Strand ved sjukehuset i Volda som æresgjestar.

Englar Lege Kristin Fuglø ved St. Olavs Hospital t.v. og sjukepleiar Elisabeth Runde Strand ved Volda sjukehus var Svein Eiksund sine æresgjestar og fekk melodi-ynska oppfylde.

Takkekonserten var djupast sett retta mot alle som arbeider i dei ulike kreftavdelingane rundt om, men desse tre kom altså særleg tett på Eiksund i den heilsvarte tida.

Konferansier Øyvind Holsvik målbar pasienten si store takksemd for alt dei gjorde, måten dei gjorde det på og ikkje minst at dei såg han som menneske.

Gjestane var på førehand innvilga kvar sitt frie song-ynske.

Fuglø hadde valt seg «O bli hos meg», her framført som nynorske «Å vær hjå meg». Ho fekk dessutan ekstra kvittering i form av Eiksund sin eigne, inspirerte pianointroduksjon. Ein sterk augneblink.

Elisabeth Runde Strand er glad i gospel, så på hennar oppfordring vart det amerikanske «Amen», komplett med taktfast klapping og greier.

Attåt ei hyllest til helsestellet, vart konserten ei feiring av sjølve livet. Repertoaret inneheldt alt frå folketonar, Johan H. Grimstad, Svein Møller og Rolf Løvland til Edvard Grieg.

Leiv Arne Grimstad i Bigset blandakor hadde på oppdrag av Svein Eiksund dikta nydeleg og mangefasettert tekst til ein russisk folketone. «Finst det ein veg for meg?» hausta stor fagnad.

Også sjølvaste Jean Sibelius var med i dette godt blanda selskapet: Den grande finalen med åtte kor, trompet og orgel i Stjernehymna frå Finlandia vart beint fram magisk og mektig gripande.

Medrivande «Jag vill känna att jag levt mitt liv», song Siv Aurdal. Hennar versjon av «Gabrielas song» hausta stormande applaus.

Stemninga låg ikkje mange knepp under Royal Albert Hall.

– Eg har reist mykje, særleg i Nord-Europa. Finland også. Og det er jo ein vakker melodi, seier Bottolf Lødemel.

Han fekk raskt forståing for at det var i orden å ynske den.

– Sonen min Bård driv med elektronisk musikk. Så har eg eit syskenborn og namnebror som er aktiv. Men det har ikkje blitt noko slikt på meg, seier Lødemel og smiler.

– Det er verkeleg svært å få så så stor merksemd som dette. Vi som arbeider i helsestellet er normalt meir tilbaketrekte, peikar overlegen på.

Men gjennom Svein Eiksund sitt løft av ein takke- og støttekonsert vart fagfolket greitt løyste frå si medisinske teieplikt si, kan vi seie.

– Eg har ikkje opplevd noko slikt før. Heller ikkje høyrt om liknande frå andre stader. Midlane frå konserten kjem godt med i gåvefondet vårt ved Volda sjukehus, fortel avdelingsoverlegen.

Det er alltid noko praktisk eller vakkert som kan vere til nytte og glede for pasientane.

Fondet har dessutan bidrege til samlingar for pårørande og andre tilsvarande tiltak.

Apropos pårørande: Eitt innslag var tileigna alle som står nær nokon som vert råka – i Svein sitt tilfelle særskilt ektemaken Anita. Ei ekstra varm helsing til dei som mønstrar kjærleik og omsorg når den trengst som mest.