No har dei fem tilsette ved bedrifta ved Hornindalsvatnet hendene fulle med å lage senger. 168 skal leverast til to studentblokker i Bergen.

– Dette er den største enkeltordren vår. Og vi håper at det kjem bestilling på fleire senger, seier David Sigurdsson.

PRODUKSJON: Dagleg leiar David Sigurdsson i samtale med Jan Erik Eide.

Han er dagleg leiar i bedrifta, som såg dagens lys i august 2013 i ein kjellar i Stryn.

Kjøpte fabrikk

Året etter gjekk Holmøy Møbel i Eid konkurs, og dei to gründerane Sigurdsson og Eide kjøpte lokala og maskinene i Holmøyane.

– Det har gått gradvis betre og betre med oss. 2015 var eit tungt år, medan 2016 gjekk svært bra, seier Sigurdsson.

Dei lagar alt mogeleg av interiør på bestilling, frå møblar inspirert av vikingtida – til moderne design.

Marta Myklebust, med utdanning frå Bergen og Milano, er designaren i bedrifta.

Storsatsing

Ho fortel at storsatsinga deira no er MultiWorld, eit multimøbel som består av ein perforert vegg der ein kan henge ei rekke ulike modular, alt etter bruk og ynskje.

FERDIG: Jannike Tvinnereim pakkar inn produkt som er ferdige til utsending frå fabrikken i Holmøyane.

– Opphengssystemet gjer det mogleg å skifte om på møbelelement ved enkelt å hekte modular frå eit hol til eit anna, forklarer Myklebust.

Ho legg til at aktuelle bruksområde kan vere kjøken, kontor eller barnerom.

David Sigurdsson fortel at Feel Free Production i oppstarten fekk draghjelp av Ricco Vero, ei anna bedrift i Stryn.

– Dei bad oss om å lage interiør til ein butikk, og var så godt nøgd med arbeidet at vi etter kvart leverte til fem butikkar.

NYHEIT: MultiWorld er namnet på eit nytt produkt frå Feel Free Production, basert på ein perforert vegg der det kan hengast opp modular.

Målsaum

Marta Myklebust legg til at det er mykje slik dei arbeider: Kundane, både bedrifter og privatpersonar, kan bestille møblar etter mål, anten det er eit kjøken eller butikkinteriør.

– Og i desse dagar lanserer vi eit tilbod om konsulenthjelp. Eg tek på meg å kome med råd og innspel når det gjeld interiør, anten det handlar om eit nytt kjøken eller eit heilt hus, seier Marta Myklebust.

STRIKKING: StrikkegalSkap kallar bedrifta ved Hornindalsvatnet dette møbelet, spesialdesigna for strikkarar.