Ein mann i 40-åra frå Nordfjord er dømd til fengsel i fem månader for svindel.

Saka blei kjend etter at tilsette i ein bank fatta mistanke om at ein kunde var utsett for svindel. Dei såg at ein eldre mann tok ut kontantar og overleverte pengar til mannen.

Fjordane tingrett meiner mannen har handla kaldt og kynisk og tileigna seg til saman 92.000 kroner frå personar som budde på eit omsorgssenter, ein stad der dei skal kunne kjenne seg trygge.

Det meste av pengane var frå ein enkeltperson. Ifølgje dommen fekk tiltalte kodebrikke og passord til kontoen hans, men etter at kontoen blei sperra fekk den tiltalte mannen til å ta ut kontantar. Pengane brukte han som sine eigne.

Retten peikar på at mannen bevisst og konsekvent har utnytta den tilliten han er vist.