1. august 2016 vart det innført ei fråværsgrense i vidaregåande skular. Status for Møre og Romsdal etter første halvår er at fråværet har gått ned om lag 23 prosent, samanlikna med same periode skuleåret 2015/2016. Det er tal frå Møre og Romsdal Fylkeskommune som viser dette.

– Folk kjem sjuke på skulen og smittar andre. Eg har aldri vore så mykje sjuk som dette halvåret, fortel elevrådsleiar Kristoffer Egset ved Volda vidaregåande skule.

Feil ende

Både han og nestleiar i elevrådet, Lasse Strand Gule, meiner at regjeringa har starta i feil ende når dei fokuserer på fråvær i staden for læring i den vidaregåande skulen.

– Ein kan vere utruleg flink i eit fag, men så er ein uheldig og blir sjuk nokre dagar og står i fare for ikkje å få karakter i faget. Dei nye fråværsreglane byr ikkje på anna enn problem, seier dei to.

Tala frå fylkeskommunen viser også at 15 elevar (av 9.211) ikkje vil få standpunktkarakter i fag ved slutten av skuleåret. Dette som ein konsekvens av for høgt fråvær. 784 elevar (mot 547 i fjor) har fått «ikkje vurdering» i fag første skulehalvår.

Desse har likevel moglegheita til å få karakter i faget ved slutten av skuleåret.

– Regjeringa er meir oppteken av å ta skulkarane, enn å finne ut kvifor dei skulkar. Elevorganisasjonen ønskjer mellom anna fleire og meir tilgjengelege helsesystrer på skulane. Vi vil ha fokuset vekk frå fråværet og ønskjer ein så god skule som mogleg, tilpassa kvar einskild elev, seier Lasse Strand Gule, som også er politisk nestleiar i Elevorganisasjonen i Møre og Romsdal.

Halvert fråvær

Rektor Trond Hjelseth på Volda vgs. er heller ikkje overbegeistra over dei nye fråværsreglane. På hans skule har elevane gått frå å vere borte frå skulen i gjennomsnitt 5,6 dagar i året til 4,23 dagar etter innføringa av nye reglar.

– Vi ligg heilt på snittet for landet, og dei nye fråværs- reglane har hatt ein viss effekt. Men vi har aldri før hatt så mykje sjukdom i klasse- rommet, fortel rektoren.

Alle dei vidaregåande skulane i fylket har nedgang i fråværet.

Nokre har stabilt lågt fråvær, medan andre har redusert fråværet opp mot 50 prosent sidan 1. august i fjor.