– Eg er spent på Arbeidarpartiet. Dei var jo med på politireforma, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) i Sogn og Fjordane.

Saman med namnesøster og stortingsrepresentant Jenny Klinge er ho sikker på at Senterpartiet enno ikkje har nådd formtoppen, og at motstanden mot regjeringa sin aggressive reformpolitikk vil dra partiet vidare opp mot valet.

Men ein ting er å vinne val og plass i regjering.

Noko heilt anna er å vinne politiske slag.

Til landsmøte-frukosten fredag serverte Aftenposten ei sak som syner at sentraliseringa var like sterk då Senterpartiet sat med kommunalministeren som under Jan Tore Sanner.

I Ap-skuggen

Om hausten gir regjeringsskifte, kan det bli like vanskeleg no som då å levere på lovnadane om å snu sentraliseringa.

Det kan både bli vanskeleg å snu vedtekne reformer og det kan bli ein kamp for å unngå å hamne i skuggen av eit sentraliserande Ap.

– Eg trur at dei ser at ting er i ferd med å skje. Om dei berre seier at dei vil gjere om kommunereforma, eller om dei verkeleg meiner det, er eitt feitt for meg. Men dette betyr at dei er nøydde til å følgje opp, seier Klinge.

Delt Ap

Ho peikar også på at Ap er delt, og delar ligg nær Sp.

I tillegg til at Ap no vil reversere kommunesamanslåingar stod dei torsdag også saman med KrF og Sp i kravet om at dei attverande lensmannskontora må styrkast.

Heimevernet er eit anna viktig spørsmål for Sp.

Her etterlyser Jenny Klinge klarare svar.

– Arbeidarpartiet må fortelje oss kva dei vil gjere med Heimevernet, både mannskapsstyrken og med HV11, som jo er viktig for oss, seier ho.

Dilemma

– Det vil verte avgjerande at vi får stor kraft inn i ei regjering med Ap, seier Klinge.

Samstundes er det eit dilemma for Sp om dei veks vidare ved å beite på Arbeidarpartiet sine markar.

Klinge og Følling er meir spent på Venstre sin lagnad.

Ramlar Venstre under sperregrensa vil det for det første vere over og ut for Erna.

I tillegg vil det kunne gi Sp stor gevinst på utjamningsmandat.

– Styrken til vår regjering vil vere avgjerande for kva vi kan oppnå, men vi er også avhengige av at Arbeidarpartiet gjer eit godt val for at vi skal kome dit, seier Følling.

Partileiar Trygve S. Vedum seglar i medvind både i partiet og på målingane. Foto: NTB Scanpix