Ivar Aasen-bygget er det eldste bygget på den gamle DH-delen av Høgskulen, og er eigd av Volda kommune. Planen var å klimaskjerme huset og samstundes byggje på ei tredje etasje. Den nye etasjen ville kommunen leige ut til næringsformål, med ein framtidig kulturnæringshage i Volda som ein mogleg leigetakar.

Prosjektet var lyst ut på to anbod, eit for bygging av tredjeetasjen og andre ytre tiltak, og eitt anbod for tiltaka inne. Prosjektet som gjaldt dei ytre tiltaka har ifølge dei kommunale sakspapira ein total kostnad på 26.5 millionar kroner eksklusiv moms. Selskapet Prosjektbygg i Herøy vann anbodskonkurransen, men i sluttfasen av kontraktforhandlingane skar det seg.

Avlyst

På kommunestyremøtet i Volda 2. mars opplyste rådmannen at kommunen hadde avlyst anbodskonkurransen.

– Det var ein føresetnad for konkurransen at tiltaka kunne gjennomførast med normal drift i bygget. Det har vi no fått beskjed om at det ikkje er mogeleg å få til, og konkurransen er difor avlyst, sa rådmann Rune Sjurgard, ifølge referatet til lokalavisa Møre.

Ifølge rådmannen vil det koste 6–8 millionar kroner dersom kommunen må leige klasserom og kontor til brukarane av bygget i byggjeperioden. Difor vart heile prosjektet utsett til etter at bygget er tomt. Det vil seie når det nye mediehuset står ferdig, tidlegast i 2020.

Stemning

Overfor Sunnmørsposten stadfestar selskapet Prosjektbygg at dei har tatt ut stemning mot Volda kommune med krav om erstatning etter avlysinga av anbodskonkurransen.

–Det stemmer, men ut over det har vi ingen kommentarar, seier advokaten til Prosjektbygg, Odd Arne Nilsen.

Etter det Sunnmørsposten har grunn til å tru er det springande punktet informasjonen om at lærar og studentar måtte ut av bygget i byggjeperioden, og at kostnadene måtte takast inn i prosjektet. Her har kommunen og utbyggjar ulike oppfatningar om kva som har blitt kommunisert.

–Vi meiner kommunen har vore tydeleg, og meiner utbyggjaren har misforstått kontraktsgrunnlaget, seier ordførar Jørgen Amdam.

– Kva synest du om at det er tatt ut søksmål mot kommunen?

– Vår advokat meiner vi har vårt på det tørre, seier Amdam.