Inge-Jonny Hide, HR-sjef hos Myklebust Verft, er einig:

– Ungdomane må få prøve seg så tidleg som mogeleg. I dag er det ofte slik at ein ikkje slepp til før ein er blitt 18 år. Det er ikkje vegen å gå, meiner Hide.

Fredag presenterte Fredrik Linge Klock si masteroppgåve frå NTNU som hadde tittelen «Verdens beste fagarbeider?».

Presentasjonen fann stad på Kleven Verft i Ulstein. Her fortalde Jan Thormodsæter, info- og opplæringsansvarleg i Maritim foreining for søre Sunnmøre (MAFOSS), at masteroppgåva er ei bestilling frå MAFOSS og GCE Blue Maritime.

Dei ønskte å sjå kva medlemsbedriftene tenkte rundt framtida til fagarbeidaren i den maritime industrien.

Haldningar

Klock har intervjua mange leiarar i bedriftene, og han vart overraska over kva dei var opptekne av:

– Eg trudde dei kom til å fokusere på konkrete emne som teknologi, automasjon, robotisering og slikt. I staden var dei opptekne av haldningar, seier Klock.

– Er dei misfornøgde med haldningane til ungdomen?

– Nei, men dei meiner at dette er svært viktig, tydelegvis.

For når Klock spurde dei kva som trengst for å auke læringsutbyttet, svarte leiarane mellom anna interesse, positivitet, lærevilje, samarbeids- evne og å vere eigna. Alt dette meiner Klock har med haldningar å gjere.

Klock seier det også handlar om haldningar hos andre, til dømes foreldre og lærarar, som må framsnakke yrkesfaga.

Inge-Jonny Hide er einig, og fortel at på Myklebust Verft, der dei har 16 lærlingar, er dei opptekne av å framsnakke fagarbeidarane.

– Nokre torsdagar har vi arrangert samlingar, der lærlingane kan invitere med seg foreldre, besteforeldre, søsken og vener slik at dei kan få vise kva dei held på med.

Dei besøkande får ein rundtur i bedrifta. Og etterpå et dei ball saman.

– Sist gong fekk lærlingane også i oppdrag å lage ein film der dei presenterte seg sjølve og bedrifta. Vi var ca. 40 til stades, og det var svært vellykka, meiner Hide.

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) var på Kleven i går, han også. Iallfall via Skype.

Ikkje overraska

Han kommenterte funna frå oppgåva til Fredrik Linge Klock, og var ikkje overraska over at bedriftsleiarane er opptekne av haldningar:

– Det har alltid vore slik. Det er det første ein bedriftsleiar ser etter: Er dette ein person som klarer å møte på jobb til rett tid – kvar dag? Har nokon eit skyhøgt fråvær på skulen, er det grunn til å tru at det kan bli det same i arbeidslivet. Det er difor vi har innført dei nye fråværsreglane, sa statsråden.

Thormodsæter frå MAFOSS ville vite om ikkje statsråden var einig i at fagskulane bør vere staten sitt ansvar. Men det var han ikkje:

– Nei, regjeringa meiner at fagskulane bør vere eigd lokalt, eller regionalt. Det er kortare veg til Molde enn til Oslo, svarte kunnskapsministeren. Han la også til at regjeringa styrkar satsinga på lærlingar, mellom anna ved å krevje lærlingar på offentlege prosjekt.

Fredrik Linge Klock peika på at sjølv om det kan vere bransjar som er inne i tøffe tider, må ein ikkje kutte heilt ut lærlingar. For dette handlar ikkje om å planlegge for neste år, men for 10-20-30 år fram i tid.

Investering

– Det er ikkje noko som er meir lønsamt enn å utdanne folk. Vi får det tifold igjen. Det er ikkje snakk om ei utgift, men ei investering, seier Klock.

– Vi treng ekspertane, professorane, som kjem med løysingar, og vi treng fag- arbeidarar som bygger det nye – og styrer det. Vi er avhengige av begge, slo Fredrik Linge Klock fast.

Via Skype fekk også kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen uttale seg om regjeringa si satsing på lærlingar. Foto: Terje Engås