- Dette er første fartøy i ein serie på seks ankerhandteringsfartøy som Kleven har under bygging for Maersk, opplyser Kleven i ei pressemelding.

Fartøyet blei døypt på kaia ved Kleven Verft fredag ettermiddag, og fekk namnet Mærsk Master av gudmor Gitte Jacobsen.

Maersk er eit av verdas største reiarlag, og dei seks fartøya frå Kleven inngår i selskapet sin flåtefornying.

Det 95 meter lange ankerhandteringsfartøyet er av SALT 200-AHTS-design frå Salt Ship Design, og er eit svært kraftfullt fartøy, i følgje verftet.

- Fartøyet er bygd for ankerhandtering på store djup.