Parlamentarisk leiar Harald Tom Nesvik i Fremskrittspartiet reagerer sterkt på utspelet om å skubbe Møreaksen og andre fjordkryssingar på E39 ut i tid. Saman med politikarkollegaer frå Høgre, KrF og Venstre lanserte han nyleg delar av innhaldet i Nasjonal Transportplan. Her låg det mellom anna åtte milliardar til Møreaksen, der to milliardar ligg i slutten av første seksårsperiode. Total kostnad berre for fjordkryssinga der er på over 14 milliardar. I tillegg kjem nye vegar mellom Molde og Ålesund.

– Ei utsetting er eit svært underleg signal å sende til denne landsdelen, seier Nesvik.

Han meiner at realisering av Møreaksen er for viktig både for sysselsettinga i ein region med høg arbeidsløyse og for å styrke verdiskapinga gjennom å binde arbeidsmarknadsregionar saman.

Nesvik er samd i at ein må sjå på kostnadsreduserande tiltak, slik også både statsministeren og samferdsleministeren har sagt, men han vil ikkje gå med på ei utsetjing.

– Når skal ferjefri E39 stå ferdig?

– Vi vil ikkje setje nokon sluttdato, men vi må sørge for å kome i gang så raskt som mogleg og så må vi bygge så raskt som mogleg. Regjeringa legg fram Nasjonal transportplan før påske, men allereie no er det klart at regjeringa vil ha 1000 milliardar til samferdsle dei neste 12 åra. På E39 har både Møreaksen og Hordfast fått plass i transportplanen i kjølvatnet av Rogfast, som har oppstart i år.

Han er sterkt usamd med Senterpartiet i at dagens regjering har nedprioritert vedlikehaldet på vegane.

– Vi har vore dei første som har sørga for å ta igjen etterslepet. Vi har dobla innsatsen til vedlikehald, seier han.