Kristin Sørheim (Sp) vil ha meir til vedlikehald

– Møreaksen må vente

Senterpartiet lovar storsatsing på vedlikehald av fylkesvegane. Det kan skubbe Møreaksen ut i tid.

Ulik fart Kristin Sørheim vil prioritere å vedlikehald på vegar i forfall, og er villig til å slakke på framdrifta for ferjefri E39. Andrekandidat på stortingslista til Senterpartiet vil ikkje enig. 

Eg ser det som viktigare å få pengar til ved-likehald enn å forsere E39

Kristin Sørheim
Nyheter

– Ein del av dei store prosjekta kan måtte vente, seier Kristin Sørheim (Sp), og viser til Møreaksen, Hafast og andre fjordkryssingar på E39. Sørheim er leiar i samferdsleutvalet i Møre og Romsdal og var utsending til Sp-landmøtet i helga.