Har håp om 3.500 underskrifter

Neste veke reiser ein delegasjon frå Haram til Oslo for å overlevere minst 3.300 underskrifter mot tvangssamanslåing av Haram med Ålesund.

7. mars var det avspark for underskriftskampanjen mot tvangssamanslåing av Haram med nye Ålesund. Edel Tolås (med mikrofonen) er den som har tatt initiativet.  Foto: Privat

Nyheter

31. mars blir aksjonen avslutta. Eit fleirtal på Stortinget går etter alt å døme inn for å slå Haram saman med nye Ålesund med tvang. Fordi kommunestyret i Sandøy ønskjer å bli med i Ålesund, blir Haram inneklemd, meiner Stortinget.