– Vi kan ikkje ha overproduksjon av geitemjølk over tid. Viss balansen tek seg opp, vil mine framlegg i landbruksmeldinga vere overflødige. Og ingen ting vil glede meg meir, sa landbruks- og matminister Jon Georg Dale og fekk applaus då han besøkte heimkommunen onsdag.

Geitebonden Hogne Homberset i Hjartåbygda var vertskap og formidla framtidstru for både ost og kjøt av geit.

Mykje arbeid

Homberset har rundt 250 mjølkegeiter på garden.

– Det er altfor mykje arbeid slik vi driv, men vi har fleire arbeidsplassar her. Både dottera mi og foreldra mine jobbar her. Vi har ikkje tid til så mykje anna, men det er kjekt arbeid og vi håpar vi får styre med dette i framtida også, sa Homberset til ministeren.

Då handlar det mykje om økonomi.

I landbruksmeldinga Dale har lagt fram er det mykje fokus på overproduksjon og korleis ein kan få ned denne.

– Når nær 20 prosent av geitemjølka ikkje blir brukt til menneskemat, då må vi prøve å få ein balanse som sikrar økonomien i næringa, sa Dale.

Men Homberset sa at det no er i ferd med å bli balanse i geitemjølkproduksjonen.

KONTAKT Landbruksminister Jon Georg Dale er godt van med sauer og hundar, men fekk også god kontakt med geiter i Hjartåbygda.

Under besøket serverte Homberset ein geitost som knapt er råd å få tak i i butikkane.

– Osten er laga på meieriet i Ørsta og er den beste av dei kvite geitostane. Det er for gale at lokale butikkar ikkje tek den inn. Då blir salet deretter, sa Homberset som har presse ein lokal butikk til å ta inn osten.

Geitenæringa har siste åra vore gjennom stor omlegging for å betre mjølkekvaliteten.

– Det har vore eit enormt arbeid, men vi har lykkast, og det var verd det, sa Homberset.

Meieriet i Ørsta vart berga som følgje av at det er mange geitebruk i området.

– Geita er viktig i distriktet og berga meieriet i Ørsta i fjor. Du må ta med vidare kva dette betyr av ringverknader og arbeidsplassar, sa Homberset og Dale repliserte at hans forslag vil sikre meieriet i Ørsta.

Men Homberset understreka då at dei er lojale overfor geitebønder andre stader og vil ha med alle i framtida.w

Frykta Frp-politikk

Sunnmørsposten intervjua Homberset då Frp kom til makta, og han frykta då det verste for landbrukspolitikken.

– Så lenge KrF og Venstre opptrer som gode bremseklossar, så har ikkje situasjonen blitt som frykta, seier han i dag.

Dette har Dale høyrt før, og han understrekar at dei fører ein politikk basert på samarbeidsavtalen. Men han meiner absolutt det er god Frp-politikk.

– Vi har fått høgare matproduksjon og sjølvforsyningsgraden aukar, og då er eg fornøgd, seier Dale.

Claus Oskar Teigen (25) og Thomas Røyr (28) er i ferd med å ta over geitebruk i Strandadalen. Dei har tru på framtida for næringa. Det har også naboen Eva Fjørstad. Foto: Anne-Mari Tomasgard