Han tilrår Fylkestinget i Møre og Romsdal om å kjøpe aksjer for to millionar kroner i Blue Innovation Arena AS.

Guttelvik meiner arenaen vil bidra til meir innovasjon i næringslivet i fylket, ifølgje fylkeskommunen si heimeside.

Treng 13 millionar kroner

Det er ÅKP, SIVA, NTNU i Ålesund og Offshore Simulator Centre har gått sammen for å realisere fremtidens innovasjonsarena i tredje etasje i NMK2. Bygget vert ferdigstilt hausten 2017.

Arenaen har eit finansieringsbehov på 13 mill. kroner.

Fylkesrådmannen  syner til at målet med innovasjonsarenaen er å gi bedrifter tilgang til topp moderne fasilititetar for digitale innovasjonsprosessar, og samstundes skape ein kunnskapsalmenning på tvers av fagområde, næringar, gründarar og det offentlege.

Her skal den maritime klynga, andre næringar, akademia og det offentlege kunne møtast for å skape nye idear, ny kunnskap og ny forretningsverksemd.

Til fylkestinget i april

– Med eit næringsliv som står midt i den globale konkurransen, og ei teknologisk utvikling som går fort, må fylkeskommunen som regional utviklingsaktør vere med og legge til rette for at bedrifter i fylket skal kunne ta del i utviklinga.

Med realisering av prosjekt som Blue Innovation Arena, kan vi vere med på å sikre dette, seier fylkesrådmann Ottar Brage Guttelvik.

Saka skal opp til behandling i fylkesutvalet neste veke, før den går vidare til fylkestinget i slutten av april.