Ørsta-firma fekk pris:

Ny E6 blei Årets anlegg

Vegprosjektet E6 Frya-Sjoa, der Ørsta-firmaet Aurstad medverka sterkt, er kåra til Årets Anlegg 2016.

Prisvinnar Den nye E6-strekninga frå Frya til Sjoa har korta ned turen til Oslo med nesten eit kvarter. Ørsta-firmaet Aurstad bygde fleire kilometer av strekninga.  Foto: Arild Solberg/Statens vegvesen

Nyheter

Prisen Årets Anlegg 2016 blei delt ut under Byggedagene 2017, på gallaen onsdag kveld, skriv bygg.no.

Blant mottakarane av prisen var Ørsta-firmaet Aurstad AS, som saman med Implenia bygde den 15 kilometer lange strekninga frå Vinstra til Sjoa.

- Som ein av hovudentreprenørane på prosjektet er vi glade og stolte, seier Per Kristian Langlo, administrerande direktør i Aurstad AS.

Sterk konkurranse

Det er tidsskriftet Byggeindustrien som står bak prisen.

Vegprosjektet E6 Frya-Sjoa blei kåra i sterk konkurranse med dei to andre nominerte: Ustiktspunktet på Gaularfjellet og Nedre Røssåga kraftverk.

– Det var fleire gode kandidatar til å vinne prisen Årets Anlegg i 2016, og det var ikkje enkelt å kåre vinnaren, seier juryleiar Arne Skjelle til bygg.no.

Største vegutbygginga i landet

Heile det 33 kilometer lange vegprosjektet opna 17. desember. Anlegget har vore den største vegutbygginga i Norge dei siste åra.

Prosjektet var delt i to hovudentreprisar som begge var Norges største reine vegkontraktar då dei blei signerte.

AF Anlegg var hovudentreprenør for den 18 kilometer lange strekninga Frya-Vinstra, medan arbeidsfellesskapen E6 Implenia Aurstad bygde strekninga Vinstra-Sjoa på vegne av byggherre Statens vegvesen.


Ny E6 tek form

Fleire sunnmøringar og nordfjordingar har dei siste par åra hatt jobben sin på det som for tida er eitt av landets største vegprosjekt. I oktober er jobben ferdig, og i desember opnar 33 kilometer med ny E6 i Gudbrandsdalen.

 

E6 Sunnmøre - Oslo:

Stadig kortare til Oslo

Unngå 50-sona på Kvam og Vinstra. I år blir køyretida på E6 i Gudbrandsdalen innkorta med nesten eit kvarter.



Ørsta-firma er en av hovedentreprenørene på vegprosjektet:

Tømmerbilsjåfør skadd - bro over nye E6 kollapset

En ny limtrebro over nye E6 ved Sjoa i Gudbrandsdal kollapset onsdag med en tømmerbil oppå. Sjåføren behandles for bruddskader.



Ørsta-firma får milliardkontrakt

K. A. Aurstad skal byggje ei strekning av nye E6 saman med sveitisk konstruksjonsspesialist.

 

Firmaet Aurstad i Ørsta bygde ny E6 i Gudbrandsdalen, saman med Implenia. Vegarbeid ved Kvam.  Foto: Anne-Mari Tomasgard