Teken i 117 km/t på Moa

Ein MC-førar måtte gi frå seg førarkortet etter å ha blitt teken i 117 km/t i ei 70-sone på Moa.

Illustrasjonsfoto   Foto: Gorm Kallestad / NTB scanpix

Nyheter

Det melder politiet på Twitter like etter midnatt natt til torsdag.

Ifølgje meldinga har UP gjennomført ei gjennomsnittsmåling av motorsykkelen.

MC-føraren blei målt til 117 km/t i 70-sona. Føreren var ein mann i 30-åra, og han blei fråteken førerkortet.

UP har også gjennomført trafikkontroll på Ellingsøya. Også her var det eitt førarkortbeslag.

Dessutan delte UP ut sju forenkla førelegg i kontrollen som blei halden i ei 60-sone. Høgaste farten var 87 km/t.